Velkommen til konserten “Dei syngjande”

«Dan fagraste viso pao joræ» og andre folketonar knytt til Eidfjord blir framført i Gamle Eidfjord kyrkje. Eit møte med kvedarar med tilknytning til Hardanger, Kvinnherad og Voss. Ein får høyre lokale songar knytt til desse områda. Unike og ulike stemmer i samsong og solo». 

Med:
Berit Opheim, Kari Finne Sognnæs, Lajla Storli, Solbjørg Tveiten, Karen Fadnes Brattebø, Angun Sønnesyn Olsen, Jori Gjelland Lid, Synneva Gjelland, Tone Juve, Felicia Storn, Ellen Marie Geithung, Maria Folkedal, Monika Kolsgår Toppe, Åsne Valland Nordli og Kari Malmanger

Tid: 26. juni kl. 18:30 - 19:30
Stad: Gamlekyrkja i Eidfjord 

Billettar - kun 100 plassar per konsert. 
Du kjøper deg billett her på nettsida vår. Når du kjem til konserten så skannar vi billetten din i døra. Ein billett kan kun skannast ein gong. Alle under 16 år kjem inn utan å betale, men dei må ha eigen billett. Vi set pris på om de kun tek ut gratisbillettar som de faktisk treng sidan vi kun har 100 plassar per konsert. Det er to konsertar, ein som startar kl 18:30 og ein som startar kl 20:30. 

NB! Her kjøper du billett til konserten som startar kl 18:30. 

Konserten dei syngjande

Foto: Åsmund Aarvik