Bornas Landskappleik!
Det vert eige program for born og unge, det vert blant anna familiedans kvar dag, familieframsyning og to dagar med sjokoladekappleik. Her finn du meir informasjon: Bornas Landskappleik

Opningskonsert: «Her har me butt»
Opningskonserten har fått namnet «Her har me butt» som er inspirert av diktet «Her har eg butt», skrive av Olav H. Hauge.

Konserten syner musikken, dansen og nautren som finst i Hardanger - korleis alt heng saman i ei felles tilhøyrsle. Publikum får oppleva eit levande folkemusikkmiljø som blømer på tvers av generasjonar. Ein møter kjende og kjære musikarar, eit gjenhøyr med utøvarar ein har sakna, songarar frå både Voss, Hardanger og Kvinnherad, born, spelemannslag, toradarmusikk og dansarar. Konserten vert sydd saman med fortjeling, musikk og bilete. Lajla Renate Buer Storli er regissør for konserten.

Dato: 25. juni
Tid: 19:30 - 21:30
Stad: Eidfjord idrettshall
Kjøp deg billett her

Førestilling: Kraftens røtter
Kva er kraft? Kor kjem den frå, og kven lagar han? Ein ting er sikkert, Oslo har vorte eit kraftsentrum for folkedans. Ungdommen i BLS Ung har leika med, utforska og oppdaga all krafta som finns i folkedansen og i det å danse saman. Velkommen til ein kraftsirkel av folkedans!

Prosjektet er støtta av Store dansespor-midler frå Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Dato: 26. juni
Tid: 15:30 - 16:30
Stad: Kultursalen, Vøringfoss hotell
Gratis inngang for alle

Konsert: Dei syngjande - Det er to konsertar, kl 18:30 og kl 20:30
Kvedarar frå Voss og Hardanger møtest på ei scene der songen står i fokus. Publikum vil få høyra eit breitt spekter av den lokale songtradisjonen. Frå vare bånsullar, tåredryppande balladar og inderlege salmar, til lystige stev og vilter lokking, presentert både i samsong og kvar for seg. 

Denne konserten vil føregå torsdag kveld i Eifjord Gamle Kyrkje, ei steinkyrkje frå 1309. Sagnet fortel at den eigenrådige og mektige Rika-Ragna bygde kyrkja for å bote for syndene sine. Denne spesielle kyrkja er ei oppleving i seg sjølv, og fylt med Dei syngjande vert det magi.

Dato: 26. juni 
Tid: 18:30 - 19:30
Stad: Gamlekyrkja i Eidfjord 
Her kan du kjøpe deg billett 

Dato: 26. juni 
Tid: 20:30 - 21:30
Stad: Gamlekyrkja i Eidfjord 
Her kan du kjøpe deg billett 

Kvedarkrok
Tradisjonen tru inviterer Norsk kvedarforum til kvedarkrok på Landskappleiken. “I kvedarkroken deler vi viser, stubbar og stev frå alle kantar av landet. Bli med og syng! Det er lov å berre høyre, men vi oppmodar alle til å vere frimodige! Høver for alle som likar å synge, uansett alder, kjønn og nivå” Vertskap for kvedarkroken Olaf Moen

Dato: 27. juni 
Tid: 16:00 - 17:30
Stad: Vøringfoss hotell
Gratis inngang for alle

Gnist-samling
Alle C-klassingar og junior-deltakarar på Landskappleiken, er velkommen på Gnist-samling. På ungdomssamlinga vert det servert gratis pizza og brus, i tillegg til dansefest med lågterskelaktivitetar. Det er “Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer som sponsar mat og drikke til denne samlinga. 

Dato: 27. juni  
Tid: 19.00 - 21.00
Stad: Kultursalen, Vøringsfoss hotell
Gratis inngang for alle C-klassingar og junior-deltakarar på Landskappleiken!

Gokartevling 
Laurdag sparkar me i gong Gokartevling i Eidfjord sentrum. Dette er ein konkurranse i eit såkalla godkarstykkje, altså den akrobatiske delen av hallingdansen. Her tevlar dei sprekaste og tøffaste lausdansarane om å hoppa høgast og lengst, og danse best. Vent deg høge spark og flygande hattar! Dette er gjevt og moro å sjå på for heile familien. 

Programleiarane er sjølvaste Martin Myhr og Jon Ellingsen.  

Hardanger Matkulturfestival kjem til Gokartevlinga og vil selja lappar og kaffi, så her vert det liv og røre i Eidfjord sentrum. 

Dato: 28. juni
Tid: 14:00 - 15:00
Stad: Tusenårsplassen, Eidfjord sentrum
Gratis arrangement for alle

Plateslepp
På Landskappleiken i Eidfjord er du så heldig at du kan få med deg fleire eksklusive plateslepp. Det vert mellom anna plateslepp med Øyvind Vabø, og Hardanger sin eigen Knut Hamre. Under dansespelinga kjem ein også til å kunne oppleva splitter nye utgjevingar!
 

Folkemusikkmesse
I 2011 engasjerte Ullensvang kyrkje Rannveig Djønne til å skriva ny gudstenestemusikk i folkemusikkstil. I fyrste omgang var det dei fire liturgiledda ”Kyrie”, ”Gloria”, ”Sanctus” og ”Agnus Dei” som fekk nye melodiar, men etter kvart har det kome til nye komposisjonar. Messa har fått namnet «Folkemusikkmesse frå Hardanger». Fyrst og fremst skulle songane vera inspirert av folkemusikken i Hardanger, enkle å hugsa for kyrkjelyden og sangbare. Tilbakemeldingane har vore at folk hugsar desse melodiane når dei kjem heim og at dei er kjekke å syngje med på. Messa har vore mykje nytta etter urframføringa i 2012, både i Hardanger og andre stader. Salmane under messa er eit utval av gamle folketonar.

Under folkemusikkmessa i Eidfjord kjem ein til å få oppleva utøvarar på hardingfele, vokal, toradar, trekkspel, tverrfløyte, dans og song. Hardanger Spelemannslag kjem til å invitera koristar frå Toneskredo, Chorus 80 og Songria (Ulvik) til å delta som forsongarar, og forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin skal lesa dikt som ein del av preika. Komponist av messa; Rannveig Djønne skal både organisera messa og vera med og spela, og ho har også med seg arrangør av musikken; Silje Hveem Lofthus på tverrfløyte.

Dato: 29. juni
Tid: 10:00 - 11:30
Stad: Eidfjord kyrkje
Gratis inngang for alle

Meisterkonsert
Vi avsluttar sjølvsagt Landskappleiken 2025 med meisterkonsert. Her får vi høyre og sjå mange av klasse-vinnarane frå årets kappleik. Vi får og vete kven som vinn klassa dans hardingfele A og dermed kven som er vinnarar av årets kongepokal! Takk for i år og vel møtt på Landskappleiken 2026! 

Dato: 29. juni 
Tid: 12:00 - 14:30
Stad: Eidfjord Idrettshall
 


Her kan du sjå tevlingsplanen for Landskappleiken 2025

Vi treng fleire frivillige - meld deg gjerne til tjeneste!