Bornas Landskappleik!
Det vert eige program for born og unge, det vert blant anna familiedans kvar dag, familieframsyning og to dagar med sjokoladekappleik. Her finn du meir informasjon: Bornas Landskappleik
Opningskonsert: «Her har me butt»
Opningskonserten har fått namnet «Her har me butt» som er inspirert av diktet «Her har eg butt», skrive av Olav H. Hauge.
Konserten syner musikken, dansen og nautren som finst i Hardanger - korleis alt heng saman i ei felles tilhøyrsle.
Tid: 25. juni kl. 19:30 - 21:30
Stad: Eidfjord idrettshall
Førestilling: Kraftens røtter
BLS Ung er ein gjeng med gode dansarar og musikarar frå ulike delar av landet leia av Vilde Westeng. Dei har fått midlar frå SFF til å laga ei framsyning som skal ha premiere i Oslo i mai. Allereie i juni kjem dei til Eidfjord med framsyninga si, ei danseframsyning som passar for både den yngre og eldre målgruppa!
Medverkande:
Vilde Westeng
Andrea Søgnen
Magnhild Garnås Haugen
Ånund Myhren
Kjetil Myhren
Gjertrud Raftevold Rue
Tid: 26. juni kl. 12:00 - 13:00
Stad: Kultursalen, Vøringfoss hotell
Konsert: Dei syngjande
Kvedarar frå Voss og Hardanger møtest på ei scene der songen står i fokus. Publikum vil få høyra eit breitt spekter av den lokale songtradisjonen.
Denne konserten vil føregå torsdag kveld i Eifjord Gamle Kyrkje, ei steinkyrkje frå 1309. Sagnet fortel at den eigenrådige og mektige Rika-Ragna bygde kyrkja for å bote for syndene sine. Denne spesielle kyrkja er ei oppleving i seg sjølv, og fylt med Dei syngjande vert det magi.
Tid: 26. juni kl. 19:00 - 20:00
Stad: Gamlekyrkja i Eidfjord
Kvedarkrok
Tradisjonen tru inviterer Norsk kvedarforum til kvedarkrok på Landskappleiken.
Tid: 27. juni kl. 16:00 - 17:30
Stad: Vøringfoss hotell
Konsert: Møter over vidda
Ein konsert som har fokus på folkemusikken kring Hardangervidda og på den kontakten som har vore mellom dei ulike tradisjonsområda som grensar til vidda.
Tidspunkt: 27. juni
Stad: Ungdomshuset
Gokartevling
Laurdag sparkar me i gong Gokartevling i Eidfjord sentrum. Dette er ein konkurranse i eit såkalla godkarstykkje, altså den akrobatiske delen av hallingdansen. Her tevlar dei sprekaste og tøffaste lausdansarane om å hoppa høgast og lengst, og danse best. Vent deg høge spark og flygande hattar! Dette er gjevt og moro å sjå på for heile familien.
Programleiarane er sjølvaste Martin Myhr og Jon Ellingsen.
Hardanger Matkulturfestival kjem til Gokartevlinga og vil selja lappar og kaffi, så her vert det liv og røre i Eidfjord sentrum.
Tid: 14:00 - 15:00
Stad: Tusenårsplassen, Eidfjord sentrum
Gnist-samling
Alle C-klassingar og junior-deltakarar på Landskappleiken, er velkommen på Gnist-samling. På ungdomssamlinga vert det servert gratis pizza og brus, i tillegg til dansefest med lågterskelaktivitetar. Det er “Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer som sponsar mat og drikke til denne samlinga. Følg med for meir informasjon om tid og stad for samlinga.
Plateslepp
På Landskappleiken i Eidfjord er du så heldig at du kan få med deg fleire eksklusive plateslepp. Det vert mellom anna plateslepp med Øyvind Vabø, og Hardanger sin eigen Knut Hamre. Under dansespelinga kjem ein også til å kunne oppleva splitter nye utgjevingar!
Folkemusikkmesse
I 2011 engasjerte Ullensvang kyrkje Rannveig Djønne til å skriva ny gudstenestemusikk i folkemusikkstil. I fyrste omgang var det dei fire liturgiledda ”Kyrie”, ”Gloria”, ”Sanctus” og ”Agnus Dei” som fekk nye melodiar, men etter kvart har det kome til nye komposisjonar. Messa har fått namnet «Folkemusikkmesse frå Hardanger». Fyrst og fremst skulle songane vera inspirert av folkemusikken i Hardanger, enkle å hugsa for kyrkjelyden og sangbare. Tilbakemeldingane har vore at folk hugsar desse melodiane når dei kjem heim og at dei er kjekke å syngje med på. Messa har vore mykje nytta etter urframføringa i 2012, både i Hardanger og andre stader. Salmane under messa er eit utval av gamle folketonar.
Under folkemusikkmessa i Eidfjord kjem ein til å få oppleva utøvarar på hardingfele, vokal, toradar, trekkspel, tverrfløyte, dans og song. Hardanger Spelemannslag kjem til å invitera koristar frå Toneskredo, Chorus 80 og Songria (Ulvik) til å delta som forsongarar, og forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin skal lesa dikt som ein del av preika. Komponist av messa; Rannveig Djønne skal både organisera messa og vera med og spela, og ho har også med seg arrangør av musikken; Silje Hveem Lofthus på tverrfløyte.
Tid: 29. juni kl. 10:00 - 11:30
Stad: Eidfjord kyrkje
Meisterkonsert
Vi avsluttar sjølvsagt Landskappleiken 2025 med meisterkonsert. Her får vi høyre og sjå mange av klasse-vinnarane frå årets kappleik. Vi får og vete kven som vinn klassa dans hardingfele A og dermed kven som er vinnarar av årets kongepokal! Takk for i år og vel møtt på Landskappleiken 2026!
Tid: 29, juni kl. 12:00 - 14:30
Stad: Eidfjord Idrettshall