Nytt i år er at det vert Sjokoladekappleik både torsdag, fredag og laurdag, alle dagar mellom kl. 12.00-13.00

Stad: Kultursalen i Eidfjord
Tid: torsdag, fredag og laurdag kl. 12.00 - 13.00!  
Premie: Kvar deltakar får ein diplom og ein sjokolade

Sjokoladekappleiken er ei scene for born under 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å dansa, syngja eller spela instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. På Sjokoladekappleiken bognar det av sjokolade, og dommarane er svært rause med sjokoladepremiane. 

Påmelding innan tysdag 24. juni
For å kunna setja opp ei tidsramme ber me om føreandspåmelding og me har eit tak på 20 innslag per dag. Me ynskjer at flest mogleg skal få delta, og har difor avgrensa deltaking til eitt gruppeinnslag og eitt soloinnslag per deltakar. 

NB! For å kunne plassere alle ungane på dei ulike dagane er det fint om de kryssar av for fleire dagar dersom det er mogleg. Alle påmeldte får e-post om kva dag dei skal delta. 

Avmelding
Om deltakaren ikkje kan stilla likevel, er det fint om du/de sender ei melding til Oda Kristin: 947 88 533

Registrering
Oppmøte og registrering skjer i Kultursalen mellom kl. 11:00 og 11:30 den dagen bornet er påmeldt, sjå etter epost med kva dag bornet skal delta. 

Ta kontakt om du har spørsmål!
Oda Kristin Tjoflot
Epost: oda@landskappleiken.no
Tlf: 947 88 533



PÅMELDINGSSKJEMA
Merk at det er eit tak på 20 innslag kvar dag og det er difor fint om de set opp om de er fleksible på kva dag de ønskjer.