Billettar til Meisterkonserten
Alle som har gjennomgangsbillett og deltakarbillett har tilgang til meisterkonserten utan å betale for ekstra billett. Men merk at det kan verta fullt så om du vil vere sikra ein plass så må du møte opp i god tid, du er ikkje sikra plass sjølv om du har gjennomgangsband eller deltakarband.
Sundag 28. juni
Hovudarenaen
Konsertstart kl. 12.00
Meisterkonsert
Program for meisterkonserten 2026
- Lagdans senior
- Munnharpe junior
- Lagspel junior
- Utdeling av Gnist-Prisen
- Durspel senior
- Trommer og andre slagverksinstrument senior
- Vokal C
- Halling A (finale)
- Takk til arrangørane for 2026
- Hardingfele C
- Hardingfele A
- Instrumentutstilling premiering
- Munnharpe senior
- Lagdans junior
- Open klasse
- Utnemning av Heidersmedlem i FolkOrg
- Fele A
- Dans hardingfele A
- Vokal A (finale)
- Velkommen til Voss 2027
- Lagspel senior
- Dans fele A og utdeling av Kongepokal
NB! Merk at det kan verta endringar i oppsettet for Meisterkonserten.
Takk for i år og vel møtt på Landskappleiken 2027!

