Dagsbilletten gjeld tevlingar og dans på fleire golv.
Dagsbilletten gjeld ikkje eigne konsertar det er billettar til. Sjå forklaring på aldersgrupper nede på sida her.
Her kan ein kjøpe gjennomgangsbillettar
Her kan ein kjøpe billett til opningskonserten
Her kan ein kjøpe billett til meisterkonserten
PRISAR FOR DAGSBILLETTAR
Onsdag, torsdag, fredag og laurdag
Under 12 år: gratis
12 - 16 år: 50,-
16 - 18 år: 200,-
Vaksen: 450,-
Sundag - Meisterkonserten
Meisterkonserten er inkludert i gjennomgangsbilletten /deltakarbilletten
Under 12 år: gratis
12 - 18 år: 100,-
Vaksen: 350,-
Du kan kjøpe dagsbillettar her på nettsida eller ved fysisk oppmøte på stemnekontoret på Landskappleiken. Du må innom stemnekontoret for å hente ut fysisk billett når du kjem til kappleiken. Alle over 18 år må hente ut sin eigen billett for å kunne vise fram legitimasjon ved tvilstilfeller.
MERK: Du må sjølv sikre at du har kjøpt billett til rett aldersgruppe.
Alle skal ha på billettband/deltakarband på Landskappleiken
Alle som er gjestar eller deltek på Landskappleiken får band som gjeld for om dei er anten over eller under 18 år. Vi kjem til å spørje etter aldersbevis for dei som er over 18 år som vi er i tvil på alderen på. Sjå forklaring på aldersbillettar nederst på sida her.
Der det er gratis for alle under 12 år, må ein hente ut gratisbillettar på stemnekontoret. Vi ber om at de ikkje hentar ut fleire gratisbillettar enn de faktisk treng då dette vil kunne gå utover kapasiteten til arrangementet. Vakter vil kunne sjekke alder i tvilstilfelle.
Forklaringar på aldersbillettar:
Under 12 år = ikkje fylt 12 år
12 - 16 år = frå og med fylte 12 år, men ikkje fylt 16 år
16 - 18 år = frå og med fylte 16 år, men ikkje fylt 18 år
Vaksen: Alle som har fylt 18 år
HER KAN DU KJØPE DEG DAGSBILLETTAR
Merk: Alle må innom stemnekontoret og få fysisk billettband når du kjem til kappleiken. Ein billett kan kun skannast ein gong. Alle over 18 år må fysisk hente sin eigen billett på stemnekontoret for eventuell sjekk av aldersbevis.
Du får tilsendt billettar elektronisk på epost med det same du har betalt. Du kan betale med vipps eller kort. Du kan kjøpe fleire dagsbillettar samtidig. NB! Kjøp billett som gjeld for den alderen du er, vi kjem til å spørje etter aldersbevis der vi er i tvil.

