Hallvard T. Bjørgum tek oss med på ei reise gjennom filmar, forteljingar og musikk. 
 
Fredag 26. juni 
Kl 18.00 - 19.30
Teatersalen

Hallvard har med seg fleire av felene frå den rikhaldige samlinga si og fortel om instrumenta, dei som laga dei, dei som har spela på dei, og historiene som er knytte til kvar enkelt fele. I hans program kjem det gjerne overraskingar attåt.
 

I programmet blir det også spela på nokre av instrumenta
Medverkande er Eivind T. L. Knutsen og Knut Breivegen.

Foto: Knut Utler


HER KAN DU KJØPE BILLETTER

Born under 12 år går gratis saman med vaksne
12 - 18 år*: 100 kr
Vaksen: 250 kr 

*frå fylte 12 år, men ikkje fyllt 18 år.