Ny åreleg premie frå Norsk kulturarv
Norsk Kulturarv har bestemt at dei årleg gjev ei stor og utskore skjærefjøl til vinnar i klassa for Eldre folkemusikkinsturment senior. 
 
Premien er ei skjærefjøl i bjørk skore i Gudbrandsdalsakantus, og produsert på skulen Hjerleid på Dovre. Gudbrandsdalsakantus er ein barokkstil som vart utvikla lokalt i Gudbrandsdalen på 1700-talet, og er ein stilart som har vore skore aktivt og bruka mykje sidan då. Denne fjøla er skoren av lærlingar på Hjerleid, og er eit godt eksempel på korleis ein kan bruke Gudbrandsdalsakantus som pynt den dag i dag. Hjerleid er i dag den einaste plassen som tek inn treskjærarlærlingar i Noreg.
 
Landskappleiken fekk Norsk Kulturarvs Olavrose i 2008 med mellom anna grunngjevinga "for sitt arbeid med å ta vare på den immaterielle folkekulturen av sang, musikk og dans, og for utvikling av en viktig møteplass for flere aldersgrupper."