Dato: Laurdag 27. juni
Klokkeslett: 14.00-15.30
Stad: Hovdestøylen hotell
Gratis inngang for alle C-klassingar og junior-deltakarar på Landskappleiken!
Kræsjkurs i dans
Vi kickstarter samlinga med kræsjkurs i dans med Vilde Ellegård Westeng. Kanskje du lærar nokon nye triks som du kan bruke på dansegolvet? Her kan absolutt alle vere med - du treng null erfaring frå før.
Buskspel og andre sprell
Når vi er varme i kroppen etter dansen, opnar vi for junior buskspel! Ta med instrument, og bli med på jam. Det vil vere vaksne tilstades som kan hjelpe med stemming om du treng det.
Open scene
Sjølvsagt vert det både spel og dans, og det beste er når ungdom spelar for ungdom! Samlinga avsluttast med open scene og dansefest! Alle som spelar og syng er velkomne, uansett om du er aleine, i duo, trio eller i gruppe. Trioen Bergtatt vil startar dansespelet og set stemninga.
Vil du vere med? Meld deg på i skjemaet under! Det kan også vere mogleg å melde seg på undervegs i samlinga dersom det er ledige plassar!
Til open scene blir det servert gratis pizza og brus til alle frammøtte. Det er “Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer som sponsar med mat og drikke til denne samlinga.
Gnist-prisen
Er ein gjev pris som vert gjeven til eit lag som jobbar svært godt med folkedans for barn og ungdom. Kven som får prisen i år får vi ikkje vete før på Meisterkonserten sundag!
Tusen takk til Eva oppretta Gnistfonden og som raust gjev til ungdommar som brenn for folkemusikk og folkedans! Og TAKK for at vi også i år kan dele ut Gnist-pris og ha ei slik triveleg ungdomssamling!
“Gnistfonden for unge” v/ Eva Fischer Les meir om Gnistfonden her (lenke)
Dette er for alle junior-deltakarar på Landskappleiken
Påmelding til open scene på Gnistsamling
Det kan også vere mogleg å melde seg på undervegs i samlinga dersom det er ledige plassar.

