Fredag kl. 10.00 - 11.00
Hovdestøylen hotell
Velkommen til ein time med hallingdans for born!
Det vert enkel hallingdans med leik og kurs for born leia av Vilde E. Westeng.
Ope for alle, her kan ein møte opp utan påmelding
TUSTI
Hels på Tusti - vår eigen maskott for born og unge!
FolkOrg har fått ein ny ven som heiter Tusti som er spesielt glad i å spele, synge, danse og leike med andre ungar. Du vil sjå att denne glade figuren mange gonger framover!


