Klasseromma er på Fjellgardane skule tett på kappleiksarenaen. 
Klasseromma er opne frå onsdag til sundag i kappleiksveka. 

Registrering
Alle må innom stemnekontoret for å registrere seg og få tildelt kva rom ein skal bu på. 
Alle må regne med å dele rom med andre, fleire “grupper” er plasserte saman der de ikkje har fått beskjed om anna. Det er no heilt fullt på alle klasseromma og ikkje mogleg å byte om eller endre plasseringar. 

Berre personar som har tinga overnatting og står på klasseroms-listene kan opphalde seg i klasseromma etter kl. 23.00, dette på grunn av brannreglar og sikkerheit.

Dusj og wc
Dusj finn ein i dusjvogn ved camping A, den er alltid open. I tillegg er det dusj inne på Hovden Grendehus som er open etter tidspunkt på oppslag. 

Toalett er det inne på skulen. 

Parkering
Det er høve til å parkere ved skulen for ca 30 bilar, her er det først til mølla som gjeld. Er det fleire som treng plass er det parkeringsplassar med ca 5 minutt gang-avstand. Vi vil anbefale dykk å gå eller ta bussen rundt på Hovden. 

Nattevakt
Det blir ambulerande nattevakter på skulen og alle campingplassane. 

Matlaging/kjøkken
Det er ikkje høve til å lage seg mat på klasseromma eller andre stader på skulen. Det er kantine for frivillige på skulen, denne skal nyttast av frivillige og kan ikkje nyttast av dei som har tinga overnatting på klasserom. 

Ordensreglar

  • Røyking og open eld er ikkje tillate.
  • Det skal vere ro i klasseromma etter kl 23.00
  • Vis hensyn til dei du deler rom med. 
  • Hald det ryddig og reint på «din» plass og på fellesområdet

Velkommen til fine folkemusikkdagar på Hovden

Kontaktperson for overnatting i klasserom

Jennifer Sinfield 
E-post: jennifer@landskappleiken.no 
Tlf: 488 96 992

 

buss