Velkommen som gjest på kappleikscampingen på Landskappleiken

På grunn av brannkrav og nokre utfordringar med terenget ved campingplassane har vi forandra nokre få plasseringar. Dette er like ved den opprinnelege plassen som vart bestilt, de dette gjeld får informasjon ved innsjekk.

Kappleikscampingen er open frå 23. juni kl 18.00 til 28. juni kl 16.00

NB! Det er heilt fullt på kappleikscampingen - kun dei som har bestilt og betalt for plassen får plass her. 

NB! Det er ledige plassar for campingvogn og bubil på Hovden Fjellstoge
Ta direkte kontakt med dei, her finn de kontaktinformasjon: 
https://hovdenfjellstoge.no/

Ankomst og registrering
Ved ankomst Hovden køyrer de rett til den campingen de har bestilt plass på. Det er ikkje plass til registrering for campinggjester ved stemnekontoret. Ved campingane vert du møtt av ein campingvert som registrerar deg og viser deg rett plass.

Camping A
Ved Kappleiksarenaen
Køyr inn den øvre innkøyringa på Skulevegen.
Adressa er: Skulevegen 19, 4755 Hovden

Camping B, C og D
Ved Skiarenaen / Røyrvikåsen
Køyr inn Skisentervegen frå sentrum og inn Breivevegen.
Adressa er: Røyrvikvegen 12, 4755 Hovden

Plassering av campingvogn/bubil

  • Alle skal parkere med drag/ køyreretning mot køyrefelt.
  • Ein campingplass har buområde på 7x5 meter. Avstanden mellom alle buområda skal vere 4 meter (brannkrav). I avstanden mellom buområda kan de som har campingvogn parkere bilen. Totalt har kvar plass 7x 9 meter til rådigheit, men merk at avstand mellom bueinheitene skal vere minst 4 meter.

Parkering

  • Det kan parkerast kun ein bil per campingplass. På teltplassane kan det vere at bilar får felles parkering, de får informasjon når de kjem til registrering.
  • Bilar som ikkje er knytt til ein campingplass, har ikkje tilgang til campingområdet.

Dusj og wc
Camping A: Her er det eigen dusjvogn som alltid er open. I tillegg er det dusj inne på Hovden Grendehus som er open etter tidspunkt på oppslag.

Camping B, C og D: Ved Hovden Langrennsarena /Røyrvikåsen vert det mogleg å bruke dusj og toalett i klubbhuset.

Div. informasjon

  • Det er eigne tømmestasjonar for camping-septik, vanlege toalett skal ikkje nyttast til dette
  • Ny røykelov gjer at det ikkje er lov å røyke på idrettsarenaer.
  • Det ikkje lov å grille eller bruke open eld på kappleikscampingen.
  • Det blir satt opp eiga sone der vil de finne ekstra brannsløkkningsutstyr
  • Straum er inkludert på alle plassar for bubil, campingvogn og telt (ta med skøyteledningar)
  • Vatn er tilgjengeleg på campingplassane.

Nattevakt
Det blir ambulerande nattevakter på skulen og alle campingplassane.

Velkommen til fine folkemusikkdagar på Hovden

Kontaktperson for campingplassen er:
Olav Hovet
E-post olav.hovet@landskappleiken.no
Tlf: 418 63 090

Vakttelefon for kappleikscampingen: 418 63 090

 

CAMPING A
Viktig informasjon for innkjøring til plassen - sjå køyreretninga her: 

kart kjøreretning

 

Det går buss mellom campingplassane og arenaen - bruk bussen eller sjå kart over parkeringar - det er ikkje plass til dagsparkering tett på areaen. 

buss