Her er noko praktisk info som er verdt å få med seg:

Stemnekontoret
Stemnekontoret ligg på Fjellgardane skule, som er ovanfor grendehuset.

Deltakarregistrering og øvingsrom er stasjonert på Hovden Skigymnas. Møt opp i god tid før du skal tevle og kontakt personalet i registrering for øvingsrom.

I lagtevlingar tilrår me at ein kontaktperson registrerer laget for å unngå overfylte inngangsparti.
 
Øvingsrom har du til disposisjon i ca. 30 minutt, før du vert henta og visa til scenen. Sjå vedlagt bilete for deltakarveg til dei forskjellige arenaene frå øvingsrom.

Deltakar går sjølv frå øvingsrom til arenaen, så pass på at de ikkje pratar dykk bort på turen! Bak scena vert ein møtt av programleiarane som skal vite kva de vil spele/syngje.

Me vil gjere oppmerksame på at du har sjølv ansvar for å møte på registrering til riktig tid! Tid på øvingsrom ser de i dette skjemaet som de kan laste ned her (Excel-fil). Dette er kun meint som eit estimat, og det vil skje endringar undervegs. 

Fyrste utøvar i ei klasse har øvingsrom ca. 1 time før kappleikstart. Fylg med på startlister og gjer deg kjend med flyten i tevlinga. Møter ein ikkje opp, vert det rekna som avmelding og du vert hoppa over i programmet.

Me ber om at deltakarar som vil møte direkte ved scena og ikkje ynskjer å nytte seg av øvingsrom, gjev beskjed til registrering om dette. 

Fotografering av lagdans og lagspel
I lagspel/lagdans-tevlingar må ein hugse å gå til fotograferinga etter tevling. 
 
Dei som av ulike grunnar må melde seg av tevlinga, ber vi at gir beskjed så snart som råd til Ingeborg Ulberg Sommer i FolkOrg: ingeborg@folkorg.no

No gleder me oss til å kome i gong med kappleik!

Mvh
Eivind T-L Knutsen, Leiar i tevlingsnemnda.