Dato: fredag 26. juni og laurdag 27. juni
Klokkeslett: 12.00 - 18.00
Stad: Lesesalen på grendahuset (på arenaen)
Startliste: Instrumentutstilling hardingfele
Startliste: Instrumentutstilling langeleik
Startliste: Instrumentutstilling andre instrument utan dømming
Resultatliste: vert publisert etter premieutdelinga
Instrumentutstillinga i år er open for instrument laga iløpet av dei siste 2 åra, som ikkje har vore utstild før.
Instrumenta som skal dømmast må leverast mellom kl 10:00 - 12:00 onsdag 24. juni på lesesalen der utstillinga skal vere.
Instrumentutstilling har vore ein del av landskappleiken i mange år og har som regel vore arrangera annankvart år.
14 Hardingfeler
2 langeleik
1 langeleik - som ikkje skal dømmast
Instrumenta vert dømd utifrå arbeid og tone, og har såleis to domarar som skal vurdere kvart instrument i desse kategoriane.
Det vert gjeve poeng i kvar kategori og den samla summen avgjer premiegraden.
Døming av instrument skjer på onsdag og torsdag.
Publikum har tilgang fredag og laurdag.

