Også i 2025 kan lokallag søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter til deltakande juniorar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Vidareføring av kompensasjon av deltakaravgift for juniorar på Landskappleiken og Landsfestivalen i 2025
Også i 2025 kan lokallag søkje kompensasjon for deltakaravgift og evt. reiseutgifter/overnattingsutgifter til deltakande juniorar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Stønadsordning vidareført frå 2024
Det er særs gledeleg at FolkOrg også i år har fått midlar gjennom Norsk Musikkråd og Frifond Organisasjon - ekstraordinære midler. Dette gjer det mogeleg å vidareføre ordninga som fyrst vart innført i 2024. Stønadsordninga har som mål å senke terskelen for deltaking blant juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen i gammaldansmusikk.
Dette er ei ordning som gjev støtte til lokallaga slik at dei kan dekke påmeldinga for juniorar og C-klassingar på Landskappleiken og Landsfestivalen, samt at lokallaget kan bidra med å dekke reiseutgifter/overnattingsutgifter for deltakande juniorar i samband med arrangementa.
Foto frå Landskappleiken 2024
Anne Britt Seljord Amundsen, Guro Kleppe Høibo fekk 1.plass i klassa Dans hardingfele C
Foto: Knut Utler