I kongepokalklassa Vokal var det Synnøve Brøndbo Plassen frå Hedmark folkemusikklag, Margit Myhr frå Golk Spel- og dansarlag og Anne Gravir Klykken frå Spelemannslaget Vårlengt som kom til finala.
Det vart ei vakker og stemningsfull Vokal-finale framom eit stort, engasjert og interessert publikum. Det vart til slutt Synnøve Brøndbo Plassen som enda opp som vinnar – og dermed kongepokal. Margit Myhr vart nummer to og Anne Gravir Klykken nummer tre.
- Det var ei utruleg flott finale med eventyrleg høgt nivå. Det er eit privilegium å høyre på slik fantastisk song, seier ein av dei tre dommarane i Vokal, Solbjørg Tveiten.
Foto: Knut Utler
Finalistane i Vokal klasse A var:
Synnøve Brøndbo Plassen, Hedmark Folkemusikklag - 1. plass
Margit Myhr, Gol spel- og dansarlag - 2. plass
Anne Gravir Klykken, Spelemannslaget Vårlengt - 3. plass