Det er fyrste gong det er delt ut to Kongepokalar på Landskappleiken, og pokalane var i 2022 sett opp i klassane Spel fele og i Durspel.

Laurdag kveld møttest desse finalistane til finalespel i Saaheimhallen:

Durspel:
Ole Nilssen (1. plass), Kristoffer Kleiveland (2. plass), Tom Willy Rustad (3. plass)


Spel fele:
Astrid Sulheim (1. plass), Mads Kuraas (2. plass), Erlend Viken (3. plass)
 

Ole Nilssen og Astrid Sulheim gjekk av med sigeren i kvar si klasse, og vann med det kvar sin kongepokal!

Det er andre gong det er sett opp kongepokal i Durspel. Førre gong var i 2012, då den vart delt ut til Øyvind Sandum. 

Sist kongepokalen vart delt ut i Spel fele A var på Landskappleiken på Røros i 2013 til Andreas Bjørkås. Tidlegare vinnarar av kongepokalen i Spel fele A er Gjermund Larsen (2005), Tron Steffen Westberg (1999), Mari Eggen (1992) og Ivar Schjølberg (1980)

Foto: Knut Utler