Kongepokalen på Landskappleiken i Trysil går i år til:

Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Ida-Margrethe Nordset

Bjørn Sverre Hol Haugen, Veslemøy Ida-Margrethe Nordset frå Hedmark og laget Grenselaust gjekk av med sigeren i dans fele klasse A, og vann med det Kongepokalen under Landskappleiken i Trysil sundag.Kongepokalen vart delt ut under meisterkonserten på Landskappleiken i Trysil sundag.

Finalen var avvikla laurdag kveld og då kniva dei med to andre finalistar, Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen og Kari og Stig Nilssen. Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen kom på andreplass, medan Kari og Stig Nilssen kom på tredjeplass. Det var altså 3 par frå Hedmark i finala om Kongepokalen i år.

Sist kongepokalen vart delt ut i dans fele var på  Voss i 2010. Då vann Anne Berit Heide og Sigurd Johan Heide. Tidlegare vinnarar av kongepokalen i dans fele er Anne Grete og Rolf Bjørgan i 2003, Randi og Peder Gullikstad i 1996, og Jon Georg Mortensen og Aslaug Kulseth i 1988.

Det var og finale i Spel fele A og Spel hardingfele A på Landskappleiken i år. Under ser de resulata frå finalane i alle tre klasser det var finale i.

Resulat for Dans fele A
Nr 1 - Bjørn Sverre Hol Haugen, Veslemøy Ida-Margrethe Nordset  - Grenselaust
Nr 2 - Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen - #Hedmark
Nr 3 - Kari Nilssen og Stig Nilssen - #Hedmark


Resultat for Spel Hardingfele klasse A
Nr 1 - Per Anders Buen Garnås - Spelemannslaget Bøheringen
Nr 2 - Alexander Aga Røynstrand – Hardanger Spelemannslag
Nr 3 - Lars Ingar Meyer Fjeld - Spelemannslaget Vårlengt


Resultat for Spel Fele klasse A
Nr 1 – Aslak O. Brimi – Lom Spel og dansarlag
Nr 2 – Ole Erik Feragen – Brekken Spell- og Danselag
Nr 3 – Astrid Sulheim – Lom Spel og dansarlag
 

Sjå heile resultatlista her:  http://resultat.folkorg.no/


Kongepokalvinnar dans fele A

Kongepokal_Foto_Thomas_Westling_900x600.jpg

Bjørn Sverre Hol Haugen og Veslemøy Ida-Margrethe Nordset
Spelemann er Mads Berglund og Spelkvinne er Eva Karlsson
Foto: Thomas Westling