Sundag 28. juni kl. 10.00 - 11.00
Fjellgardane kyrkje
Konsert
Konserten gjev eit innblikk i den omfattande og rike religiøse folkesongtradisjonen i Setesdal regionen.
Fleire songar er henta frå arkivopptak og ulike songbøker og korarrangement. Nokre er omarbeidde, medan andre blir framførte av utøvarar som sjølve har lært songane gjennom levande tradisjon og slektsledd.
Slik får publikum møte ein viktig del av kulturarven vår – men fyrst og fremst ei varm og sterk konsertoppleving.
Det er tre-fire minutter å gå mellom Fjellgardane kyrkje og hovudscena der Meisterkonserten skal vere sundag så du rekk å vere på plass i god tid før meisterkonserten om du ønskjer å få med deg begge.
Fjellgardane kyrkje
Fjellgardane kyrkje ligg i like ved arenaen til Landskappleiken.
Kyrkja vart bygd i 1957 som Hovden kapell, men seinare fekk ho namnet ho har i dag.
Kyrkja har 110 plassar.
Billettar
Du kan kjøpe billetten din no, noko som kan vere lurt sidan det er plass til kun 110 personar på denne konserten.
Det er lik pris for alle aldersgrupper: kr 100,- per billett
Det er ikkje gratis for born på grunn av at det er få plassar tilgjengeleg.

