Velkommen til konserten:
Tett på historiene
Torsdag 25. juni kl 19.30 - Teatersalen
FolkOrg inviterer til ein heilt særskild «Tett på»-konsert under Landskappleiken på Hovden. Her kjem publikum tett innpå artistane – både musikken, historiene og menneska bak uttrykka. Konserten er eit samarbeid med NRK, og blir teken opp for radio. Konserten byr på ei varm og nær oppleving der samtaler, forteljingar og levande folkemusikk går hand i hand.
Konserten byr på møter med Daniel Sandén-Warg, Synnøve Brøndbo Plassen og Anders Lunden Herfoss. Gjennom konserten leier programleiar John Ole Morken publikum inn i artistane sine musikalske landskap. Mellom slåttar og songar blir det rom for historier om tradisjon, kappleik, kjelder, inspirasjon og livet som utøvarar i dagens folkemusikkmiljø.
Daniel Sandén-Warg
Daniel Sandén-Warg er kjend som ein meisterleg og særs uttrykksfull folkemusikar med djupe røter i den skandinaviske tradisjonsmusikken. Med hardingfele, munnharpe og song formidlar han musikk med både kraft, nerve og nærleik. Han er særleg kjend for sitt arbeid med eldre slåttetradisjonar frå Setesdal og for si evne til å levandegjere tradisjonsstoffet på ein personleg og briljant måte.
Synnøve Brøndbo Plassen
Synnøve B. Plassen er ein av dei fremste unge folkesongarane i landet, med eit sterkt uttrykk og djup forankring i tradisjonssongen frå Østerdalen. Ho er kjend for si formidlingsevne, varme sceneutstråling og evna til å gi nytt liv til gamle viser og lokk. Med varme og kraft inviterer ho publikum tett inn i songen og forteljingane.
Anders Lunden Herfoss
Anders Lunden Herfoss er ein markant toraderspelar med røter frå Drangedal og den sørnorske folkemusikktradisjonen. Med drivande rytmikk, leikent spel og eit sterkt personleg uttrykk har han gjort seg bemerka som ein framifrå slåtteformidlar og dansespelmann, og ikkje minst som historiefortelar. Spelet hans rommar både det rå og det vare, og han har ei eiga evne til å skape nær kontakt med publikum gjennom musikken og historiene.
Du vil vel ikkje gå glipp av dette?

