Kvedarkrok 

Tradisjonen tru inviterer Norsk kvedarforum til kvedarkrok på Landskappleiken. Dette har blitt eit populært innslag, og samlar mange songglade menneske frå heile landet. Det er ikkje noko som helst krav til kunnskap eller nivå, likar du å syngje, så kom! Vi er glade for alle som deler songar, så ikkje ver redd for å vere frimodig. Her er ingen dommarar! Mange kjem mest for å lye, og deltek i spontan allsong og omkved. Kom gjerne i god tid.

Alle er varmt velkomne!
 
Gratis inngang for alle
Arrangement av Norsk kvedarforum
 
 
På bildet ser vi eit glimt frå kvedarkroken på Landskappleiken i Eidfjord i 2025