Den leverandøren som har nettsida vår i dag vert lagt ned og dermed har appen til Landskappleiken slutta å verke på ein god måte. Difor tek vi den ikkje i bruk til årets kappleik. Men nettsida vår er veldig god på mobil så om du lagrar nettsida på heimskjermen din på mobilen vil den fungere på nesten den same måten, du får eit ikon på skjermen din som opnar nettsida direkte. 

Legg nettsida til på heimskjermen – slik gjer du det

iPhone (Safari)

  1. Opne nettsida i Safari.
  2. Trykk på Del-knappen (firkant med pil opp).
  3. Bla ned og vel «Legg til på Hjem-skjerm».
  4. Gje snarvegen eit namn dersom du ønskjer det.
  5. Trykk «Legg til».
  6. Nettsida vil no ligge som eit ikon på heimskjermen.

Android (Chrome)

  1. Opne nettsida i Google Chrome.
  2. Trykk på dei tre prikkane øvst til høgre.
  3. Vel «Legg til på startskjermen» eller «Installer app» (ordlyden varierer mellom telefonar og nettsider).
  4. Stadfest ved å trykkje «Legg til» eller «Installer».
  5. Nettsida vil no ligge som eit ikon på startskjermen.

Visning frå ein Iphone

Du kan legge til fleire ikon om du vil, her ser du eit ikon for framsida og eit ikon som peikar rett mot programsida. 

Mobil