Ny vandrepremie i klassa Spel hardingfele A
I fjor vann Per Anders Buen Garnås klassa for tredje gong og fekk dermed med seg den dåverande vandrepremien heim til odel og eige. Alexander Aga Røynstrand, leiar av årets Landskappleik har fått med seg Voss Sparebank på laget og dei sponsar no ny vandrepremie til klassa.
Voss sparebank støttar opp om Landskappleiken
-Voss Sparebank har hatt eit nært forhold til folkemusikk og spelemannsmiljøet i regionen vår i lengre tid. Då det dukka opp eit ynskje om å få halda fram med vandrepremie i hardingfele klasse A, var det enkelt å seia ja, seier Jørund Rong, Adm. banksjef i Voss Sparebank.
Jarle Rosseland er ein norsk grafiker og malar som har laga fleire bilete med motiv frå Hardanger. Det er motivet “Hardanger i blomst” som er gjeve som vandrepremie til Landskappleiken. Det er vel ikkje heilt tilfeldig at bildet er eit motiv frå Hardanger. -Det er såklart det finaste naturmotivet ein kan tenkje seg, og vi er svært takksame for Voss Sparebank stiller opp og støttar folkemusikken med denne premien, seier Alexander.

Jørund Rong, Adm. banksjef i Voss Sparebank.
Alexander Aga Røynstrand, leiar for Landskappleiken, syner fram den nye vandrepremien.