Første napp i denne fine vandrepremien gjekk i 2023 til Astrid Sulheim
 

“Det er stor stas for Lom kommune, med det rike spelemannsmiljøet, å kunne gje ein ny vandrepremie til Landskappleiken som i år er i Lom.” smiler ordførar i Lom kommune, Bjarne Eiolf Holø

Premien er eit kunstverk av Runaug Venås som er fødd og oppvakse i Lom. 

"Lom er vel den kommuna som har hatt flest vinnarar av fele klasse A oppigjennom åra, så det er ekstra stas med tanke på alle dei dyktige felespelarane frå vår kommune. 

Vi håpar at denne premien får vandre i nokre år framover, så blir det spennande å sjå om den kanskje kjem heim att til Lom ein gong?" seier ordføraren.

Foto av Hilde Reitan og ordføraren i Lom kommune Bjarne Eiolf Holø

Foto: Lom kommune, Rønnaug Nyrnes

"FolkOrg er svært takksame for at Lom kommune ynskjer å gje ein så flott vandrepremie i fele klasse A til Landskappleiken. Det er mange år sidan det har vore vandrepremie i den klassa, og det er ekstra stas at det blir sett opp no når Landskappleiken blir arrangert midt i eit svært aktivt feletradisjonsområde.

 Eg håpar det vil stimulere til stor deltaking i den klassa, og ein skal vel ikkje sjå heilt bort i frå at vandrepremien kan hamne på ein vegg i nærmiljøet når ein studerer resultatlista frå Landskappleiken dei seinare åra", seier styreleiar Hilde Reitan 
 

Sidan Landskappleiken i Molde i 1924, har Lom tatt siger i Spel fele A heile 42 gonger. Sist gong var på Landskappleiken i Rjukan i 2022, der Astrid Sulheim i tillegg til å vinne heile klassa, også fekk med seg heim Kongepokalen.

Her kan du sjå liste over alle landskappleikvinnarar i alle klassene opp i gjennom åra.