Velkommen inn på Stemnekontoret
Stad: Fjellgardane skule
Stemnekontoret finn du i underetasjen på Fjellgardane skule (Skulevegen 41), vendt mot Hovden Grendehus. Det er eigen inngang til stemnekontoret direkte frå utsida som er skilta.
Opningstider:
Tysdag kl. 13:30-23:00
Onsdag - laurdag Kl. 09:00-23:00
Sundag kl. 09:00-18:30
Registrering ved ankomst
Alle deltakarar skal registrere seg på stemnekontoret når dei kjem til Hovden. Her får du gjennomgangsbillett/armband til kappleiken og programhefte.
Har du kjøpt gjennomgangsbillett eller dagsbillett på nett, må du òg innom stemnekontoret for å få fysisk armband utdelt.
Parkering
Det er svært få parkeringsplassar ved stemnekontoret. Hovden sentrum er oversiktleg og kompakt, og dei fleste stadene er lett tilgjengelege til fots. Frå sentrum til stemnekontoret er det ca. 5 minuttars gange.
Ansvarleg for stemnekontoret er:
Folke Flateland
folke@landskappleiken.no
Tlf 905 24 344
Oversikt over kappleiksarenaen
- Barneskulen her er det stemnekontor - klasserom for overnatting - frivilligkantine
- Grendahuset - her er idrettshallen, teatersalen og lesesalen
- Hovden Vgs - her er det øvingsrom
- Hovden fjellbad
- Hovedscena
- Camping A
- Fjellgardane Kyrkje
- Mattelt


