Stor deltaking gjev nokre endringar i tevlingsplanen
Det er gledeleg at det er stor deltaking på årets Landskappleik. Det er 920 unike deltakarar som er påmeldt og heile 575 startnummer! Det er gjort nokre endringar på tevlingsplanen p.g.a stor deltakelse. Fleire klassar har fått utvida tidsbruk, og fleire klassar har fått nye tidspunkt eller har fått ny arena. Ingen klasser har bytt dag for tevling. Sjå nøye over når di/dine klassar er sett opp.
Trekt startrekkefølge for deltaking
Startekkefølga er trekt, men vi har fløtt nokre deltakingar der vi har sett at det kolliderar. Har du behov for å flytte på eit startnummer kan du sende e-post med forklaring på kva som er ønskja endring til ingeborg@folkorg.no
Merk at det er kun naudsynte endringar vi kan gjere, ingen vert fløtt fordi dei har lyst til det utan at det er ein spesiell grunn.
Her kan du sjå startlistene for årets Landskappleik
-Det kan verta endringer i listene
Frist for attendemelding til FolkOrg er torsdag 4. juni kl 12.00
Her kan du sjå oppdatert program og tevlingsplan for Landskappleiken 2026
Her finn du informasjon om billettar til Landskappleiken
Kontaktperson for startlister er
Ingeborg Ulberg Sommer
Rådgjevar i FolkOrg
ingeborg@folkorg.no
Tlf: 45 25 82 37

