Stad: Hovdestølen hotell
Tid: torsdag, fredag og laurdag kl. 12.00 - 14.00!  
Premie: Kvar deltakar får ein billett til Hovden fjellbad og ein overraskelse frå Tusti! 
Gratis inngang for alle - alle er velkommen som publikum!

Her er deltakarliste for Superkappleiken 
Lista er sett opp etter ynskje og fordelt ut på dei 3 dagane. Det er ikkje sett starttidspunkt då dette er vanskeleg sia lengda på kvart nummer varierer. Dei som er påmelde må sørge for å vere på Hovdestøylen Hotell i god tid. Vi oppfordrar dei som deltek (med foreldre/føresette) også er publikum i salen under heile Superkappleiken. Det er viktig at så mange som mogleg er tilstades heile økta slik at alle deltakarane får eit godt og entusiastisk publikum! Hugs at for mange er dette første møte med kappleiksscena!

Vi publiserar kun fornamn eller “gruppe”-namn på deltakarane på Superkappleiken. Alle føresette har fått oversikta på epost og veit difor når sine håpefulle skal delta. Merk: Det kan verta endringar i oppsettet - dette er ei førebels liste. 

1. Mirjam
2. Isak
3. Såvi
4. Ailin
5. Eldri
6. Thor Sigvald
7. Vinjar
8. Alvhild
9. Ingeborg
10. Tollak
11. Einar
12. Jo
13. Lovise
14. Sigurd
15. Tiril
16. Villemo
17. Lovise & Thor Sigvald
18. Ingunn Andrea
19. Nora
20. Knuden på Strengen
21. Numedal Dansarlag
22. Belg og Boge
23. Belg og Boge

Superkappleiken er ei scene for born opp til 12 år. Dette er ikkje ei vanleg tevling med poeng og rangering, men ei mønstring for alle born som ynskjer å delta. Her er det ope for alle folkemusikalske uttrykk, anten det er å danse, syngje eller spela eit instrument. Det er gratis å delta, og ein kan stilla både åleine eller saman med andre. Nytt i år er at alle som deltek får billett til badeland som kan nyttast anten undervegs i kappleiken, eller i løpet av året, og at vår nye ven Tusti har med seg ei overrasking til borna. 

Frist for påmelding var: 15. juni 

Ta kontakt om du har spørsmål!
Knut Breivegen
knut.breivegen@istorm.no