Torsdag vert det tevla i desse klassane, det er svært mange på scena i dag.
Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken
APP til Landskappleiken 2025
Vi har eigen app til Landskappleiken. Den kan du laste ned ved å søke opp “landskappleiken” eller “landskappleiken 2025” der du lastar ned appar. I appen og her på nettsia vert det opplyst om det vert endra tidspunkt og andre endringar som vil kunne skje.
Solid konsert- og kulturprogram
Mange ser fram til konsertane under årets Landskappleik, og i dag kan du oppleve Sjokoladekappleik torsdag, Førestilling: Kraftas røter og Konsert dei syngjande i Gamlekyrkja i Eidfjord, og denne går to gongar, kl. 18.30 og kl. 20.30. Det kan vere lurt å sikre seg billett til konsertane i god tid.
Dansespel på tre golv torsdag kveld!
I dag torsdag kan du oppleve god dansemusikk på tre golv - i matteltet, i Samfunnshuset og i hallen. Her kan du danse til både runddans og bygdedans frå mange ulike plassar i landet.
Du kan sjekke ut dansespelet på nettsida her, det er nokre ledige økter så meld deg på til dansespel!

Les meir om sjokoladekappleiken torsdag og sjå kven som skal delta her

Les meir om Kraftas røter her - det er gratis inngang

Det er to konsertar med “Dei syngjande” - les meir om dei på nettsida