Bussen køyrer mellom dei største overnattings- og parkeringsområda på Hovden og stoppar her:
- Hovden Fjellstoge (nord)
- Dagparkering nord og Skiarena
- Dagparkering sør (funksjonærparkering)
- Hovdestøylen Hotell (sør)
- Kappleiksområdet
Bussen er innom både parkeringsområda ved Hovden Langrennsarena og Hovden Alpinsenter, og gjer det enkelt å parkere bilen og reise vidare til kappleiksområdet. Kartet over viser stoppestadene og rundløypa.
Køyretider
Det går kontinuerleg transport i rundløype på følgjande tidspunkt:
Onsdag 24. juni
kl. 12.00 - 21.00
Torsdag 25. juni
kl. 09.00 - 21.00
Fredag 26. juni
kl. 09.00 - 21.00
Laurdag 27. juni
kl. 09.00 - 21.00
Vi oppmodar alle til å nytte bussane så langt det er mogleg. Det gir enklare logistikk, mindre trafikk rundt kappleiksområdet og ei betre oppleving for både deltakarar og publikum.
Taxi
Taxi Vinje vil vere tilgjengeleg under heile Landskappleiken.
Telefon: 35 07 22 00 eller 03500.
Parkering
Det er etablert tre hovudområde for parkering:
- Røyrvikåsen / Skiarena
- Dagparkering sør (funksjonærparkering)
- Dagparkering nord
Følg skilting og tilvising frå parkeringsvaktene ved ankomst.
Bussane vil sørgje for transport vidare til kappleiksområdet og overnattingsstadene.
Her er ruta for kappleiksbussen

Her er oversikt over parkeringsplassar



