Fredag 26. juni frå kl. 20.00
Hovdestøylen hotell
Ung open scene blir ein triveleg kveld med song, spel og dans frå scena. Her er alle velkomne – både som utøvarar og publikum.
Her kan alle som er 12 år eller meire melde seg på som deltakar, påmeldingsskjema nederst i artikkelen.
FRAMSYNING kl. 20.00
Fordjupingsgruppe i folkemusikk og folkedans
Kvelden startar med ei framsyning frå fordjupingsgruppa i folkemusikk og folkedans, ungdom frå Agder, Telemark, Buskerud og Bergen. Publikum får oppleve hardingfeler, munnharpe, song og om lag ti dansarar på scena.
«Folkemusikk – og dans fordjuping» er eit tilbod til ungdom med interesse for folkemusikk og folkedans som møtest ca. ein gong i månaden i Bø. Tilbodet har eksistert i ca. 10 år, og mange dyktige utøvarar har vore deltakarar gjennom desse åra. Tilbodet blir organisert og gjennomført ved hjelp av Midt-Telemark kulturskule i samarbeid med Sørnorsk folkemusikksenter, kulturskulane i Telemark og dei respektive folkemusikklaga. Lærarane på kurset er: Hardingfele: Johanne Flottorp og Lars-Ingar Meyer Fjeld. Kveding: Ingebjørg Lognvik. Munnharpe og dans: Even Westeng.
Les om Superkappleik for alle til og med 12 år her
Les om Folkemusikk- og folkedansverkstad for born og unge her
Les om Hallingdans for born her
Les om Folkemusikk- og folkedansverkstad for born og unge her
Les om Hallingdans for born her
UNG OPEN SCENE
Etter framsyninga ønskjer vi velkomen til all ungdom som vil dele ei musikalsk oppleving med publikum.
Du kan spele, syngje eller danse som deltakar på Ung open Scene, og du melder deg på ved å fylle ut skjemaet under.
HER KAN DU MELDE DEG PÅ UNG OPEN SCENE
er du i appen må du klikke her for å komme til artikkel med skjemaet

