Kappleikscamping - bestillingsportal opnar hausten 2026!
Klasseromsovernatting - vi har rikeleg med plassar!
Klasseromsovernatting er planlagd på Voss Gymnas og i Voss kulturhus. Her vert det rikeleg med plassar. Vi opnar for bestilling hausten 2026.
Fleischers hotell vert kappleikshotell. Dei har også eit motell nær campingen vår. Me har fått avtaleprisar med hotellet (ref. nr. 2425240), og dei tilbyr enkel frukostbuffet som alle kan bestilla sjølv om dei ikkje bur på hotellet (meir info kjem).
Voss Vandrarheim tilbyr pakkeprisar for dei som bestiller seinast i løpet av august 2026, minimum 3 netter og 3 personar per rom.
Voss camping ligg nærast hovudarenaen vår i Voss idrottshall. Dei opnar for bestilling 1. oktober 2026 for 2027-sesongen.
Flatlandsmo Camping og Saue camping ligg litt utanfor sentrum, men har fine plasseringar nært badevatn.
Vidare så er det fleire hotell i sentrum som Park hotell Vossevangen og Scandic Voss. Bygda har mykje hytter og leilegheiter til utleige, så her skal det vera noko for ein kvar smak. Sjå gjerne her for meir info: Overnatting på Voss | Visit Voss
Innkvartering og overnatting
Torbjørn Tveit Bakketun
📞 982 10 130
✉️ torbjorn@landskappleiken.no


