"Compact games" 
På landskappleiken 2026 på Hovden blir det kort veg til alt. Arenaen er lokalisert kring grendehuset på Hovden. Vi har to salar inne i grendehuset og vil setje opp eige konserttelt som hovudarena like ved. Vi får og eige serveringstelt på arenaområdet. 
 
Oppdatering 22. juni:  
Ledige plassar for campingvogn og bubil på Hovden Fjellstoge
Ta direkte kontakt med dei, her finn de kontaktinformasjon: 
https://hovdenfjellstoge.no/
 
Kappleikscamping
Det er fullt på kappleikscampingen, vi tek ikkje i mot fleire bestillingar.
 
Klasseromsovernatting
Det er fullt på klasserom for overnatting, vi tek ikkje i mot fleire bestillingar.

Anna overnatting
Du kan du bestille deg ulik type overnatting på Hovden og i nærområdet allereie no. 
Kvar dei ulike plassane ligg finn du på oversiktskartet du ser under her. 
 

Det er felles bestillingsportal for overnatting som du finn her: 
Klikk deg inn her og bestill deg overnatting www.hovden.com
 
Ansvarleg for Innkvartering for Landskappleiken 2026:
Jennifer Sinfiel
Telefon: 488 96 992
jennifer@landskappleiken.no
 

Klikkbart kart 
Du kan klikke deg inn på google kartet som ligg på framsida
På dette kartet kan du some inn og sjå hvar arenaen ligg i forhald til arenaen med meir. 

Her kan du lese meir om transport og parkering på Hovden

Oversikt over kappleiksarenaen

  1. Barneskulen her er det stemnekontor - klasserom for overnatting - frivilligkantine
  2. Grendahuset - her er idrettshallen, teatersalen og lesesalen
  3. Hovden Vgs - her er det øvingsrom
  4. Hovden fjellbad
  5. Hovedscena
  6. Camping A
  7. Fjellgardane Kyrkje
  8. Mattelt

 

hovden lk