Overnatting i Klasserom 
De må rekne med å dele klasserom med andre dersom de ikkje er mange nok til å fylle eit heilt klasserom sjølve. Når de bestiller kan de notere kva rom de ønskjer å få så skal vi freiste å innfri dette. Dersom de bestiller fleire i lag vil vi gjere vårt beste for at de skal få bu i lag. MEN her er det første bestilling til mølla, når det byrjar å fylle seg opp kan det verta vanskelegare å innfri ønskjer. 

Plassane på klasseromma er fordelt slik: 

  • Klasserom 2: plass til 13 personar
  • Klasserom 3: plass til 14 personar
  • Klasserom 5: plass til 11 personar
  • Klasserom 6: plass til 15 personar
  • Klasserom 7: plass til 13 personar
  • Bibliotek - nb! glasvegg innvendig: plass til 10 personar
  • Grupperom 126: plass til 2 personar
  • Grupperom 127: plass til 2 personar
  • Grupperom 128: plass til 1 person

Prisar for overnatting onsdag til sundag i kappleiksveka
Alle over 12 år: kr. 1000,-
Born 6-12 år: kr 500,- 
Born under 6 år: gratis

For born under 12 år skal det vere minst éin ansvarleg vaksen per fem born.
Den vaksne må vere registrert på same bestilling og ha ansvar for borna. 

Vilkår og retningslinjer
Her kan du lese vilkår og retningslinjer for bestilling av overnatting i klasserom.
Når du bestiller deg plass på klasserom må du godkjenne desse vilkåra, du får informasjon om det mot slutten av bestillinga. 

Kontaktperson for overnatting på klasserom
Jennifer Sinfield
E-post: jennifer@landskappleiken.no
Tlf: 488 96 992

Vil du heller bestille overnatting på kappleikscampingen?
Les om overnatting på kappleikscampingen her

HER BESTILLER DU DEG PLASS PÅ SOVESAL PÅ KLASSEROM

1 billett = 1 plass på klasserom
Du får moglegheit til å ønskje deg rom og skrive på eigen kommentar inne i bestillinga. 

For tekniske spørsmål kring bestilling av plassar: 
Liv Annette Nygjerdet
Rådgjevar i FolkOrg
Tlf 93419382
livannette@folkorg.no

Vi treng fleire frivillige! - registrer deg her

Kjøpsvilkår for Landskappleiken 2026

Kontaktinfo til hovudnemnda finn du her