Fredag vert det tevla i desse klassane, det er svært mange på scena i dag. 

Dans Hardingfele A
Spel Hardingfele C
Open Klasse 
Halling B
Super D
Lagspel Senior og Junior
Vokal A

Premieutdeling fredag kl 20.00 - desse klassane vert delt ut

Fredagen byr på både dans, spel og fotball
Fredagen på Landskappleiken byr på eit variert kulturprogram med opplevingar for både små og store. Dagen startar med ei roleg morgonmeditasjon i Fjellgardane kyrkje, før dei yngste kan prøve seg på hallingdans saman med Vilde Westeng. Superkappleiken held fram med ei ny samling for born opp til 12 år, der alle får høve til å stå på scena og vise fram song, spel eller dans til eit entusistisk publikum. 

For dei som ønskjer å lære meir om den lokale dansearven, vert det lynkurs i setesdalsgangar med Kjell Nomeland og June Salte Thorsen, før det blir familiedans i matteltet der både erfarne dansarar og nybyrjarar kan vere med.

Fredag kveld ventar fleire flotte kulturopplevingar
I Teatersalen inviterer Hallvard T. Bjørgum til konserten Ei reise i filmar og forteljing, der musikk, historier og bilete møtest i ei heilt spesiell oppleving. Samstundes blir det Tamburtid på Hovdestøylen hotell, før Ung open scene tek over resten av kvelden. Her får unge utøvarar høve til å dele musikken, dansen og songen sin med publikum i ei uformell og inspirerande ramme. For dei fotballinteresserte blir det òg visning av kveldens fotballkamp i matteltet.

Det er venta stor interesse for fleire av arrangementa under Landskappleiken, så det kan vere lurt å sikre seg billettar til konsertane i god tid - du kan klikke deg inn til billettoversikt her.

Dansespel på tre golv fredag kveld!
I dag fredag kan du oppleve god dansemusikk på tre golv - i matteltet, i idrettshallen og i hovudscena. Her kan du danse til både runddans og bygdedans frå mange ulike plassar i landet. 


Denne programsida som de finn her kan de sortere etter dag, scene og tevling, kultur og dansespel.

Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken om du ønskjer å sjå heile programmet som ei liste. 
 

Legg til nettsida som ein app på telefonen din!
Her er forklaring på korleis du gjer det