CAMPING FOR BUBIL OG CAMPINGVOGN
No kan du kjøpe deg plass på den nye kappleikscampingen. Denne ligg tett på den opprinnelege campingen. Klikk deg inn her for å kjøpe plass på det nye området.
Det er ledige teltplassar og det er framleis private hus til leige.
For Landskappleiken 2025 blir det etablert midlertidig festivalcamping for:
Telt
Campingvogn
Bubil
På campingen har vi
- Toalett - festivaltoalett på området
- Vatn - frå kraner
- Straum på alle områda utanom teltplass D. Alle må ta med eigen skøyteledning
Dusj
Dusjane i garderoben i idrettshallen vert tilgjengelege til visse tidspunkt morgon og kveld.
Aldersgrense for bestilling av plass
Det skal vera ein person over 18 år tilknytt kvar campingvognplass/bubilplass som har ansvaret for vogn/bubil/bil.
Opningstid og innsjekk
- Campingen opnar tysdag kl. 18.00 og stenger sundag kl. 16.00.
- Kjem du før? Ta kontakt på vår vakttelefon når det nærmar seg festivalstart. Nummeret til vakttelefonen finn ein etter kvart på landskappleiken.no.
- Det blir eige registreringsområde for festivalcampingen med god skilting.
Parkering
- Det kan parkere ein bil på bestilt plass.
- Bilar som ikkje er tilknytt ein plass har ikkje tilgang til campingplassen.
Tryggleik på festivalcampingen
- Festivalcampingen har vakt heile døgeret. Ikkje nøl med å melda frå til oss dersom du har sett eller opplevd noko som ikkje høyrer heima på campingen til Landskappleiken.
- Sjekk at brannslokkingsutstyr, gassvarslarar og røykvarslara er i orden før du kjem. Dette vil bli kontrollert ved innsjekk.
- Det er ikkje lov å grilla eller bruka open eld på festivalcampingen.
- Brannslokkingsutstyr er markert med vimpel og plasserast med omlag 50 meters avstand.
- Avstandskrav mellom bueiningar som campingvogner bubil og telt er 4 meter.
Avbestilling av plassar
- Frist for avbestilling er 14 dager før Landskappleiken tek til. Avbestilling etter dette krev legeerklæring for rett til tilbakebetaling.
- Ein kan kjøpe seg avbestillingsforsikring gjennom Tryg forsikring, dette får ein moglegheit til å velge i kjøpsprosessen.
Du må godkjenne våre vilkår for å bestille deg plass på kappleikscampingen
Her kan du lese meir om kjøpsvilkåra for Landskappleiken på Eidfjord 2025
Kontaktperson for festivalcampingen
Jenny Johnsen
Tlf. 900 68 187
jenny@landskappleiken.no
Klikk på lenka under for å kome til bestillingssida for campingen:
HER KAN DU LESE MEIR OM KAPPLEIKSCAMPINGEN OG BESTILLE DEG PLASS
NB! Det er fullt på den opprinnelege kappleikscampingen, vi har etablert eit nytt område men her er det ikkje mogleg å velge seg ein plass. Ein kan skrive på som kommentar til bestillinga dersom ein ønskjer å bu i nærleiken av andre. Klikk her for å kjøpe deg plass for bubil / campingvogn på det nye området.

