No er vi klare for Landskappleiken 2026 på Hovden!
Sjølve kappleiken startar med to tevlingar i dag, dette er klassane Dans hardingfele C og gruppespel for både senior og junior.
Her ser du startlistene for klassane det skal tevlast i onsdag:
Dans Hardingfele C
Gruppespel Senior og junior
Velkommen til opningskonsert kl 19.00
I dag er det klart for den store konserten som mange har øvd til lenge. Sigrid Kjetilsdotter Jore har regien på denne konserten og har med seg over 90 utøvarar på scena i denne festframsyninga.
Musikken fylgjer oss gjennom livet – i glede og sorg, kvardag og høgtid, gjennom barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Konserten har difor fått tittelen Livi e på så mang ein måti.
Her blir det både lyriske og friske nystev, kraftfulle gangarar og dans, inderlege salmar, underfundige dikt av Paal-Helge Haugen og mykje meir frå den UNESCO-lista folkemusikken i Setesdal.
Sigrid Kjetilsdotter Jore har regien og har samla ein heil stjernehimmel av lokale utøvarar frå heile Setesdal. Over 90 utøvarar i alle aldrar vil syne fram noko av det beste folkemusikken frå Setesdal – og livet – har å by på.
Konserten byr og på ein eigen bolk leia av Kirsten Bråten Berg og Aasmund Nordstoga, her får publikum bli betre kjende med materialet etter Svein Hovden, ein av dei verkeleg store tradisjonskjeldene frå Hovden. Dei har med seg Helga Jacobsen og ikkje minst Trym Bjønnes som er kjent frå The Voice.
Du kan sikre deg ein billett ved å klikke deg inn her:
Opningskonserten - Livi e på så mang ein måti
Etter konserten vert det dansespel i matteltet
Det er mange som har meldt seg på til dansespel på årets kappleik og fleire av dei kan du høyre på, og danse til, i kveld i matteltet. Det vert og mogleg å kjøpe seg ulike forfriskningar utvover kvelden.
Du kan sjå kven som skal spele til dans i kveld her
Ønskjer du å planlegge resten av kappleiken kan du sjå heile programmet her
Her ser du alle startlister for tevlingane
Klikk deg til framsida av landskappleiken.no her
Vil du ha nettsida som ein APP på telefonen din?
Den gamle appen er nedlagt, men nettsida er mobiltilpassa!
Klikk deg inn her for forklaring på korleis ein ordnar det!


