Onsdag kl. 19.00
Hovudscena
Musikken fylgjer oss gjennom livet – i glede og sorg, kvardag og høgtid, gjennom barndom, ungdom, vaksenliv og alderdom. Velkomen til ein opningskonsert med stort spenn og sterk livsnerve!
Her blir det både lyriske og friske nystev, kraftfulle gangarar og dans, inderlege salmar, underfundige dikt av Paal-Helge Haugen og mykje meir frå den UNESCO-lista folkemusikken i Setesdal.
Sigrid Kjetilsdotter Jore har regien og har samla ein heil stjernehimmel av lokale utøvarar frå heile Setesdal. Over 60 utøvarar i alle aldrar vil syne fram noko av det beste folkemusikken frå Setesdal – og livet – har å by på.
I ein eigen bolk leia av Kirsten Bråten Berg og Aasmund Nordstoga får publikum også bli betre kjende med materialet etter Svein Hovden, ein av dei verkeleg store tradisjonskjeldene frå Hovden.
Billettprisar på opningskonserten:
Under 12 år: gratis
12 – 18 år: 100,-
Vaksen: 350,-
HER KAN DU KJØPE BILLETTER TIL OPNINGSKONSERTEN
Under 12 år = ikkje fylt 12 år
12 - 18 år = frå og med fylte 12 år, men ikkje fylt 18 år
Vaksen: Alle som har fylt 18 år
Konserten er gratis for alle under 12 år, og ein hente ut gratisbillettar på stemnekontoret. Vi ber om at de ikkje hentar ut fleire gratisbillettar enn de faktisk treng då dette vil kunne gå utover kapasiteten til arrangementet. Vi vil kunne sjekke alder i tvilstilfelle.


