Torsdag vert det tevla i desse klassane, og her kan du sjå kven som skal delta i dei ulike klassane:
Durspel senior og junior
Lagdans senior og junior
Spel Hardingfele B
Spel Fele C
Dans Hardingfele B
Vokal C
Spel Fele B
Premieutdeling kl 21.00 - desse klassane vert delt ut i kveld
Solid konsert- og kulturprogram på Landskappleiken
Landskappleiken er mykje meir enn tevlingar. Gjennom heile veka ventar eit rikhaldig kulturprogram med konsertar, kurs, forteljingar og møte med nokre av dei fremste utøvarane innan norsk folkemusikk og folkedans. Torsdag byr på eit variert program som passar både for dei yngste og dei mest ihuga folkemusikkentusiastane.
Dagen startar med ei stemningsfull Morgonmeditasjon i Fjellgardane kyrkje før born og unge kan delta på Folkemusikk- og folkedansverkstad, der dei får prøve seg på både musikk og dans. Midt på dagen vert det Superkappleik, den populære mønstringsarenaen der dei yngste får stå på scena og vise fram det dei kan i ei trygg og inspirerande ramme.
Seinare på ettermiddagen inviterer Vidar Lande og Endre Stulien Robstad til bok- og plateslepp, der publikum får bli betre kjende med både ny musikk og historier frå Setesdal og folkemusikkmiljøet her. Dette er ei fin anledning til å møte utøvarane og få eit innblikk i arbeidet bak utgjevingane.
Torsdag kveld blir avslutta med konserten som vert laga for NRK radio «Tett på historiene» i Teatersalen. Her tek Daniel Sandén-Warg, Synnøve Brøndbo Plassen og Anders Lunden Herfoss publikum med inn i sine musikalske univers, der musikk, forteljingar og personlege historier blir fletta saman. Med programleiar John Ole Morken kjem publikum tett på både artistane og tradisjonane som har forma musikken deira.
Interessa for kulturprogramma under Landskappleiken er stor, og fleire av arrangementa har avgrensa kapasitet. Vil du vere sikker på å få med deg konsertane og dei unike kulturmøta som ventar denne veka, er det derfor lurt å sikre seg billettar i god tid.
Dansespel på tre golv torsdag kveld!
I dag torsdag kan du oppleve god dansemusikk på tre golv - i matteltet, i idrettshallen og i hovudscena. Her kan du danse til både runddans og bygdedans frå mange ulike plassar i landet.
Denne programsida som de finn her kan de sortere etter dag, scene og tevling, kultur og dansespel.
Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken om du ønskjer å sjå heile programmet som ei liste.
Legg til nettsida som ein app på telefonen din!
Her er forklaring på korleis du gjer det


