Laurdag vert det tevla i desse klassane:
Dans Fele B og C
Vokal B
Spel Hardingfele A
Halling C
Eldre Folkemusikkinstrument senior og junior
Dans Fele A
Halling A
Spel Fele A
Finalar i Dans fele A, Vokal A og Halling A
Premieutdelinga er kl 20.00 og her kan de sjå kva klasser er med på premieutdelinga i dag
Laurdag på Landskappleiken med finale som avslutning på tevlingsdagen!
Laurdagen er den store høgdepunktdagen under Landskappleiken på Hovden. Gjennom heile dagen er det tevlingar på høgt nivå, spennande aktivitetar for born og unge, kulturinnslag og dans – før dagen blir avslutta med finalar og premieutdeling på hovudscena.
Den siste tevlingsdagen
På hovudscena kan publikum oppleve dei fremste hardingfelespelarane i Spel hardingfele A, før tevlingane held fram med Dans fele A og Halling A, der fleire av landets beste utøvarar kjempar om dei gjevaste plasseringane. Samstundes går tevlingane i Dans fele B og C, Halling C, Vokal B, Spel fele A og Eldre folkemusikkinstrument i dei andre arenaene.
For dei yngste held Folkemusikk- og folkedansverkstaden fram om morgonen, før det blir ny Superkappleik med song, spel og dans. Ungdom kan samlast til GNIST-samling, medan publikum elles kan ta turen innom Instrumentutstillinga 2026, som viser fram flott handverk og tradisjonar frå instrumentbyggjarar.
Etter ein innhaldsrik tevledag blir det også tid til sosialt samvær og kultur. På programmet står Kvedarkrok med levande folkesong, Familiedans i matteltet og dansespel som held fram utover kvelden. Her er det lett å bli med, anten ein vil danse sjølv eller berre nyte stemninga.
Kveldens store hending er finalane på hovudscena, der publikum får oppleve dei aller beste utøvarane dei tre klassene, Dans Fele A, Halling A og Vokal A i aksjon. Deretter ventar den siste premieutdelinga, der endå fleire gode plasseringar vert heidra etter ei innhaldsrik kappleiksveke!
Dansespel på tre golv laurdag kveld!
I dag laurdag kan du oppleve god dansemusikk på tre golv - i matteltet, i idrettshallen og i hovudscena. Her kan du danse til både runddans og bygdedans frå mange ulike plassar i landet.
Denne programsida som de finn her kan de sortere etter dag, scene og tevling, kultur og dansespel.
Her kan du sjå heile programmet for Landskappleiken om du ønskjer å sjå heile programmet som ei liste.
Kyrkjekonserten sundag er utseld!
Kun dei som har kjøpt billett på nett kjem inn
Sundag er det meisterkonsert på hovudarenen
Dørene opner kl 11.00
Konserten starar kl 12.00
Du kjem inn utan ekstra billett dersom du har gjennomgangsbillett / deltakarbillett. MEN det kan verte fullt så du er ikkje sikra plass, møt difor opp i god tid.

